Ohios guvernør koronasmitta

Ohios guvernør Mike DeWine, som skulle ha teke imot president Donald Trump i Cleveland torsdag, har testa positivt for koronaviruset.
utenriks

Republikanaren DeWine vart rutinemessig testa før han kom til presidenten, men møtet mellom dei to er no avlyst.

Trump skal halde ein tale om økonomi under besøket i Ohio, og han skal òg på bedriftsbesøk hos Whirlpool Corporation.

Ohio blir rekna som ein vippestat der demokratar og republikanarar byter om å trekkje det lengste strået. Trump vann i delstaten under presidentvalet i 2016.

(©NPK)