OECD: Mindre pessimistiske økonomiske utsikter

Koronakrisa har ramma verdsøkonomien hardt, men ikkje så hardt som frykta. Nedgangen i år blir på 4,5 prosent, spår OECD.
utenriks

I den førre prognosen i juni spådde Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) at verdsøkonomien ville krympe med 6 prosent i år.

Men no ser organisasjonen lys i enden av tunnelen. Den nye prognosen for 2020 er eit globalt fall i BNP på 4,5 prosent.

Neste år spår OECD vekst på 5,0 prosent, medan førre prognose lydde på 5,2 prosent.

Kina i vekst

Pandemien har ramma svært ulikt i verda, men har ikkje gått så hardt ut over økonomien som frykta i Europa, USA og Kina, ifølgje OECD.

Spesielt Kina, der virusutbrotet starta, kjem godt ut med ein venta økonomisk vekst på 1,8 prosent i 2020.

Kina vart ramma av viruset tidlegare enn andre land og fekk raskt kontroll over utbrotet. Samstundes har ein aktiv kinesisk stat hjelpt økonomien på fote att, mellom anna i form av nye investeringar i infrastruktur, skriv OECD i rapporten sin.

Neste år spår OECD ein vekst på heile 8 prosent i Kina.

I India, Mexico og Sør-Afrika ser det derimot verre ut enn tidlegare pårekna.

Tøffe tak for eksportnæringane

OECD-rapporten inneheld ikkje eigne tal for Noreg. Men dei nye prognosane er høgst relevante, spesielt for norsk eksportindustri, fastslår Øystein Dørum, sjeføkonom i NHO.

– Dette er den verda som skal gi Noreg trekkraft, påpeikar han.

Dørum meiner dei nye prognosane vitnar om ein global overkapasitet.

– Det er fleire om beinet, fleire bedrifter konkurrerer om dei same kundane. Det tyder press på prisar, inntening og lønningar, òg for norske bedrifter, seier Dørum til NTB.

– For dei næringane i Noreg som er retta mot den globale økonomien blir det tøffe tak framover, åtvarar han.

Eurosmell

Blant dei store industrilanda i Europa er det spesielt Frankrike og Italia som blir ramma.

Samla sett vil BNP i eurosona krympe med 7,9 prosent i år, for deretter å auke med 5,1 prosent neste år, spår OECD. I juni lydde prognosen på 9,5 prosents nedgang, eller i verste fall 11,5 prosent dersom det kom ei ny smittebølgje.

Bruttonasjonalproduktet i Tyskland blir venta å krympe med 5,4 prosent i år, men vil auke att med 4,6 prosent neste år, ifølgje prognosane.

Økonomien i USA vil ifølgje prognosen krympe med 3,8 prosent i inneverande år, medan veksten for neste år blir på 4 prosent.