Den danske regjeringa varslar pressekonferanse om koronasituasjonen

Statsministerens kontor i Danmark kallar inn til pressekonferanse om koronasituasjonen i landet. Torsdag var smittetala dei høgaste sidan i vår.
utenriks

Det er uklart kven som skal delta under pressekonferansen og kva som er temaet.

Men både Danmarks helseminister Magnus Heunicke og fagpersonar frå helsestyresmaktene har den siste tida teikna eit bilete av ein forverra smittesituasjon, med utbrot i fleire kommunar.

I København og i omkringliggjande kommunar tredde det torsdag i kraft nye restriksjonar, der mellom anna innbyggjarane får pålegg om å bruke munnbind i særskilde situasjonar, mellom anna på kafear og barar.

(©NPK)