Israel stengjer ned for andre gong

Dagen før feiringa av jødisk nyttår tek til, blir Israel stengd ned på nytt. Styresmaktene frykta stor smittespreiing i familieselskap og bønnesamlingar.
utenriks

Statsministeren i Israel, Benjamin Netanyahu, har kunngjort ei tre veker lang nedstenging grunna auke i koronasmitte. Tiltaka trer i kraft fredag.

Denne helga er det jødisk nyttår, rosh ha-shana, og vanlegvis ville det vore store familiesamlingar og festar. Men i år blir feiringa kraftig dempa.

Stengjer skular

Under nedstenginga må folk halde seg innanfor éin kilometer frå heimen sin, men det finst unntak, som jobbreiser, vesentlege innkjøp og idrett.

Skular og barnehagar er stengde. Det same er hotell, kjøpesenter, frisørar og treningssenter.

Daglegvarebutikkar, apotek og matleveringstenester held ope.

Maksimalt 10 personar kan samlast innandørs og 20 personar utandørs.

Offentleg transport vil vere tilgjengeleg, men med eit avgrensa tal passasjerar.

Høge smittetal

Israel lukkast godt med den første nedstenginga si i midten av mars og fekk raskt kontroll på viruset. Men rundt fire månader etter at landet opna igjen, er smittetala langt høgare enn dei var då. Onsdag vart det registrert over 6.000 nye smittetilfelle.

Smittetala er spesielt høge i arabiske og ultraortodokse miljø. Familiar bur ofte tett saman, og fleire gonger har religiøse miljø samla store folkemengder til bønn og bryllaup i strid med restriksjonar frå helsestyresmaktene.

Roni Gamzu, som er ansvarleg for koronahandteringa til israelske styresmakter, meiner auken delvis kjem av smittespreiing blant barn, spesielt over ti år, og stengde difor skulane torsdag.

Ekspertar har òg peika på eit mangelfullt smittesporingssystem.

Katastrofalt for økonomien

Det er knytt spenning til om det israelske folket vil respektere tiltaka denne gongen i like stor grad som dei gjorde i mars. Ved fleire høve har leiarar vore dårlege førebilete med åtferda si.

Mellom anna feira Netanyahu og president Reuven Rivlin påske saman med borna sine under den første nedstenginga, sjølv om det ikkje var tillate for resten av folket. Heller ikkje denne gongen er det tillate å opphalde seg i andre husstandar.

Kritikarar meiner den andre nedstenginga vil vere katastrofal for økonomien med fleire hundre tusen arbeidslause. Fleire bedriftseigarar har sagt dei vil trasse tiltaka og halde ope for å unngå kollaps.

(©NPK)