Koalisjonsregjeringa i Polen i trøbbel

Den høgreorienterte koalisjonsregjeringa i Polen er nær kollaps etter ein strid om ei ny dyrevernslov.
utenriks

Den polske nasjonalforsamlinga vedtok natt til fredag, etter langdryge forhandlingar, eit forbod mot pelsdyroppdrett og eksport av halal- og kosherkjøtt.

Lovforslaget, som dermed går vidare til handsaming i senatet, har sett sinna i kok hos pelsdyrbønder og kjøttprodusentar og ført til splitting i regjeringa.

Representantane for juniorpartnarane i trepartiregjeringa gav nemleg ikkje full støtte til forslaget til regjeringspartiet Lov og rettferd (PiS), noko som har vekt harme hos partileiar og tidlegare statsminister Jaroslaw Kaczynski.

Møte neste veke

– Alle moglegheiter er no opne, både ei minoritetsregjering og eit nyval, seier talsmannen til regjeringa Piotr Muller.

Ein sentral PiS-politikar i nasjonalforsamlinga, Marek Suski, gjekk eit skritt vidare.

– Koalisjonspartnarane våre har gjort slutt på koalisjonen. I dag har vi ei mindretalsregjering, seier han til nyheitskanalen TVN24 og legg til:

– Dei tidlegare koalisjonspartnarane våre kan rydde skriveborda.

Ein talsperson for PiS seier til nyheitsnettstaden Onet at partileiinga skal ha møte om vegen vidare neste veke. Etter planen skal det neste valet i Polen vere i 2023.

Krangel om regjeringsendringar

Analytikarar og opposisjonspolitikarar i Warszawa set den høglydte politiske krangelen i samanheng med foreslåtte endringar i regjeringa. Dei siste vekene har samarbeidsklimaet surna etter at PiS har antyda moglegheita for å halvere talet på departement under kontrollen til dei to juniorpartnarane.

Handsaminga av det omstridde lovforslaget byrja torsdag, med støtte frå den liberale opposisjonen. Til slutt røysta underhuset for forslaget, med overveldande fleirtal.

Polen er den tredje største pelsprodusenten i verda etter Kina og Danmark, ifølgje aktivistar, og også ein stor eksportør av kosher-kjøtt til Israel og jødiske samfunn i Europa.

Forslaget har ført til skarp kritikk frå kjerneveljarane til PiS på landsbygda, og dagsavisa Gazeta Wyborcza får opplyst av ekspertar at dei økonomiske konsekvensane kan utgjere rundt 1,6 milliardar euro, tilsvarande drygt 17 milliardar kroner.

(©NPK)