New York Times: Retningslinjer for koronatesting vart lagde ut mot fagfolkas råd

Trump-regjeringa skal ha publisert kontroversielle retningslinjer om koronatesting på nettsidene til USAs nasjonale smittevernsenter mot fagetatens vilje.
utenriks

Retningslinjene som er lagt ut på nettsidene til fagetaten CDC, seier at testing ikkje er nødvendig for personar som kan ha vore utsett for viruset, så lenge dei ikkje har symptom.

Tilrådingane fekk kritikk då dei vart utskrivne førre månad, sidan helseekspertar har gått inn for å trappe opp testinga for å spore og kontrollere spreiinga av viruset betre.

Trass i kritikk og innvendingar frå fagleg hald, vart dei omstridde råda likevel publiserte.

– Helse- og omsorgsdepartementet gjorde omskrivingane og la dei ut på den offentlege nettsida til CDC, og såg heilt bort frå dei strenge prosessane etaten har for vitskapleg gjennomgang av eigne råd, skriv New York Times.

Ein føderal tenesteperson seier til avisa at dokumentet med retningslinjene kom frå Helse- og omsorgsdepartementet og frå koronagruppa i Det kvite hus.

– Desse tilrådingane reflekterer ikkje kva mange ved CDC meiner burde vere gjeldande reglar, seier han.

Ifølgje avisa har ekspertane i CDC alvorlege innvendingar, og meiner dokumentet inneheld grunnleggjande feil og tilrådingar som ikkje kan sameinast med råda til CDC.

(©NPK)