345.000 brukte kondom prøvd selt som nye i Vietnam

Politiet i Vietnam har konfiskert om lag 345.000 brukte kondom, som var vaska og freista selde som nye.
utenriks

Bilete frå den statlege TV-kanalen Vietnam Television (VTV) viser fleire store posar med brukte kondom som ligg på golvet i eit lager i provinsen Binh Duong sør i landet, melder CNN.

Politiet seier posane til saman veg meir enn 360 kilo, noko som svarer til 345.000 eksemplar av prevensjonsmiddelet.

Det er ikkje kjent kvar dei mange kondoma kjem frå, men eigaren av lageret seier han fekk ein leveranse kvar månad av ein ukjend mann.

Det er òg uvisst kor mange av dei resirkulerte kondoma som er selde. Ei kvinne som vart arrestert i politiaksjonen, seier ho fekk litt under to norske kroner for kvart kondom ho resirkulerte.

Kvinna fortel at dei brukte kondoma først vart kokte i vatn, før dei vart tørka og forma på nytt på ein trefallos. Deretter vart dei pakka og selde på nytt.

(©NPK)