Angrep i Paris blir etterforska som terror

To personar skal vere arresterte etter eit knivangrep i Paris. To personar er kritisk skadde, og hendinga blir etterforska som eit mogleg terrorangrep.
utenriks

Den eine av dei mistenkte vart arrestert i nærleiken av Place de la Bastille, ikkje langt unna åstaden.

Også den andre vart arrestert i same område, opplyser ei kjelde i rettsvesenet til nyheitsbyrået AFP. Fransk påtalemakt stadfestar at saka blir etterforska som ei mogleg terrorhandling.

Angrepet skjedde fredag utanfor dei gamle lokala til satiremagasinet Charlie Hebdo, som vart ramma av eit terrorangrep i 2015 der tolv menneske vart drepne.

Frankrikes statsminister Jean Castex besøkte åstaden etter angrepet. Han opplyste at det er to journalistar som har vorte skadde, ifølgje nyheitsbyrået Reuters. Ingen av dei skal vere livstruande skadde.

– Jaga av mann med machete

Medan franske styresmakter beskriv hendinga som eit knivangrep, fortel augnevitne om ein mann som var væpna med ein machete eller ei øks.

– To kollegaar av oss røykte sigarettar på gata. Eg høyrde skrik, gjekk bort til vindauget og såg ein kollega, blodig, som vart jaga av ein mann med ein machete, fortel ein tilsett i filmproduksjonsselskapet Premieres Lignes til AFP.

Leiinga i selskapet, som produserer dokumentarar, stadfestar overfor TV-stasjonen BFM at to av deira tilsette er skadde. Angriparen skal ha flykta inn på ein metrostasjon.

Eit anna augnevitne, Kader Alfa, seier til nyheitsbyrået AP at han så ein mann i 30- eller 40-åra med ei øks. Mannen skal ha gått bak ein person som var dekt av blod.

EU-president Charles Michel uttrykkjer medkjensle med offera for angrepet. Terror har ingen plass i Europa, skriv han på Twitter.

Rettssak går føre seg

Det var fredag eit stort politioppbod ved åstaden i Paris, og folk har vorte oppmoda til å halde seg unna området. Elevar på ni skular fekk beskjed om å halde seg innandørs.

For dei to skadde er tilstanden «svært kritisk», ifølgje ein tenesteperson i politiet.

Politiet opplyste først at fire personar vart skadde i knivangrepet, men ein tenesteperson opplyser til AP at det berre er snakk om to personar.

Sjølv om to personar skal vere arresterte, har ei kjelde i politiet fortalt at dei berre trur det er snakk om éin angripar.

Ein mistenkjeleg pakke vart funnen i området ved åstaden, men den viste seg etter kvart å ikkje vere farleg.

Knivangrepet fann stad medan det går føre seg ei rettssak mot fleire personar som skal ha medverka til angrepet mot Charlie Hebdo. Men det er uklart om rettssaka har noko med angrepet å gjere.

Fredag skal enkjene etter dei ytterleggåande islamistane som opna eld i redaksjonslokala, vitne.

Tidlegare denne månaden valde magasinet igjen å trykkje karikaturar av den muslimske profeten Muhammed, i forkant av at rettssaka skulle byrje.




(©NPK)