Madrid blir stengt ytterlegare ned

Styresmaktene i Madrid aukar talet på område som skal stengje delvis ned. 167.000 nye menneske blir omfatta, og totalt er dermed over ein million ramma.
utenriks

Dei som bur der, vil ikkje få forlate nabolaget sitt med mindre dei skal på jobb, skule eller har medisinske årsaker. Restriksjonane blir innførte for åtte nye område.

Den spanske regjeringa ønskjer likevel at tiltaka skal bli gjeldande for heile hovudstaden, sa helseminister Salvador Illa på ein pressekonferanse fredag.

Smitta har den siste tida skote fart i Spania, og særleg i Madrid, som den siste tida har stått for over ein tredel av dei nye smittetilfella.

Meir enn 700.000 er smitta av koronaviruset i Spania, og over 31.100 har døydd.

(©NPK)