Mellombels president teken i eid etter militærkuppet i Mali

Tidlegare forsvarsminister Bah N'Daw er teken i eid som president på Mali etter militærkuppet i august. Han skal sitje i ei overgangstid før nyval i landet.
utenriks

Samtidig vart Assimi Goita, som leidde militærjuntaen, teken i eid som den nye visepresidenten i landet. N'Daw vil sitje som president fram til landet kan halde nye val. Han lovar at det skal skje innan 18 månader.

Dei vart tekne i eid under ein seremoni i hovudstaden Bamako.

Blant dei frammøtte var Guinea-Bissaus president Umaro Sissoco Embalo og Goodluck Jonathan, som tidlegare var president i Nigeria og i det siste har leidd forhandlingsdelegasjonen til den vestafrikanske samarbeidsorganisasjonen Ecowas.

Sanksjonar

Seremonien fann stad trass i internasjonale krav om ei sivil leiing i Mali før demokratiet i landet kan rettast opp igjen. Ecowas har innført sanksjonar mot Mali og åtvara om at dei først blir oppheva når landet får ei sivil regjering.

– Ulike forslag har sine fordelar og ulemper, sa Goita måndag om valet mellom ei sivil eller ei militær leiing.

Juntaen greip makta i eit militærkupp i midten av august. Tidlegare har kuppmakarane foreslått ein overgangsperiode på to år før det igjen blir halde val. Kuppet skjedde etter fleire månader med protestar mot dåverande president Ibrahim Boubacar Keita.

Fordøming

Bakgrunnen for protestane var eit omstridt parlamentsval i vår, økonomiske problem, misnøye med korrupsjon og frustrasjon over stadige angrep frå islamistopprørarar.

Militærkuppet vart fordømt både av FN, Afrikaunionen (AU), Ecowas, den tidlegare kolonimakta Frankrike, USA og Noreg.

Ein fredstryggande FN-styrke er utplassert i Mali, og her deltek eit mindre tal norske stabsoffiserar. I tillegg har Frankrike militære styrkar i landet, som bidreg i kampen mot ytterleggåande islamistiske opprørarar.

(©NPK)