WHO: To millionar virusdødsfall sannsynleg utan felles handling

To millionar koronarelaterte dødsfall globalt er svært sannsynleg utan vedvarande, verdsomspennande innsats, meiner Verdshelseorganisasjonen (WHO).
utenriks

WHO heldt ein pressekonferanse på internett fredag. Verda må gjere alt som gjerast kan for å stanse spreiinga av viruset, sa krisedirektøren i WHO, Michael Ryan, då han vart spurd om to millionar døde i pandemien var tenkjeleg.

– Elles vil vi sjå det talet, og dessverre også mykje høgare tal, sa han.

Fredag er det registrert nær 989.000 dødsfall forårsaka av pandemien globalt.

(©NPK)