Tre barn drepne i rakettangrep i Irak

Tre barn og to kvinner vart drepne då ein Katjusja-rakett slo ned i nærleiken av flyplassen i Bagdad, ifølgje den irakiske hæren.
utenriks

Raketten var retta mot den internasjonale flyplassen i Iraks hovudstad, men ramma i staden eit bustadhus i nærleiken. I tillegg til dei fem drepne, vart to barn alvorleg såra, og huset vart fullstendig øydelagt.

Den irakiske hæren beskriv angrepet måndag som ei «feig forbryting» utført av «kriminelle gjengar» med mål om å skape kaos og terrorisere folk.

Statsminister Mustafa al-Kadhimi har gitt ordre om at gjerningspersonane skal arresterast, heiter det vidare.

Angrepet er det siste i ei rekkje rakett- og granatangrep retta mot USAs nærvær i Irak, inkludert den amerikanske ambassaden og irakiske basar med amerikanske soldatar. Tidlegare angrep har ført til mindre skadar, men sjeldan drepne eller såra.

Hyppigheita av rakettangrepa har vore ei belastning for forholdet mellom Iraks regjering og USA. Trump-administrasjonen trua førre veke med å stengje ambassaden sin i Bagdad og trekkje ut dei siste 3.000 soldatane viss ikkje angrepa stansar.

Ingen har teke på seg ansvaret for dei siste angrepa, men styresmaktene mistenkjer at den mektige Iran-støtta Kataib Hizbollah-militsen står bak.

Den sjiamuslimske militsen lova hemn etter at USA likviderte den iranske generalen Qasem Soleimani i Bagdad i januar. Ni andre vart òg drepne i angrepet, blant dei Kataib Hizbollahs leiar, Abu Mahdi al-Muhandis.

(©NPK)