Statsvitar: Risiko for at Trump vil nekte å gå av

– Det har gått i den retninga eg frykta, seier norsk statsvitar som i 2017 åtvara om faren for at Donald Trump kunne undergrave demokratiet i USA.
utenriks

I vekene før han vart koronasmitta kom Trump med ei rekkje oppsiktsvekkjande utsegner om det amerikanske valet.

Presidenten ville ikkje utan vidare love å godta valresultatet. Sjølv om han gjorde det dårleg på meiningsmålingane, hevda han at demokratane berre kan vinne viss dei tyr til valfusk.

– Det verkar som han går ganske langt i å diskreditere valet, seier statsvitar Tore Wig til NTB.

Han fryktar konsekvensane viss Trump taper med knapp margin og det blir strid i rettsvesenet om resultatet. Då meiner Wig det vil vere risiko for eit «autoritært utfall» der Trump nektar å gå av.

– Fiendar av folket

Påstandane til presidenten om valet føyer seg inn i ei lang rekkje utsegner og handlingar som har fått kritikarar til å kalle han for ein trussel mot demokratiet i USA.

Han har lagt amerikanske medium for hat og fleire gonger stempla dei som «fiendar av folket». I tillegg har han retta knallharde verbale angrep mot rettsvesenet og late vere å fordømme høgreradikale grupperingar som har brukt vald mot motstandarane sine.

Etter at Trump vart innsett som president i 2017, åtvara Wig om at Trump kunne undergrave demokratiet. I eit intervju med NTB viste han til forsøk på å undergrave sjølvstendet til rettsvesenet – noko ein typisk ser i diktatur.

– Det har gått i den retninga eg frykta, seier Wig når han skal beskrive situasjonen fire år seinare.

Kjernen i demokratiet

Statsvitaren understrekar at det er mest sannsynleg at presidentvalet 3. november blir gjennomført på demokratisk vis.

Men samtidig meiner han risikoen for det motsette er urovekkjande høg.

– At den sitjande presidenten går av viss han taper, er sjølve kjernen i demokratiet. Eg synest det er veldig skremmande at Trump i det heile har lefla med tanken på å ikkje gjere det, seier Wig.

Han har inntrykk av at Trump prøver å «delegitimere valet som institusjon».

Wig viser òg til at Trump inntil nyleg ikkje har vilja love ei fredeleg maktoverdraging viss han taper valet.

For nokre dagar sidan i Miami forsikra presidenten at han vil sørgje for ei fredeleg maktoverføring. Men berre for nokre veker sidan nekta han å komme med eit slikt løfte.

Åtvarar mot fusk

Sjølv hevdar Trump at det er han som risikerer å bli offer for valfusk og udemokratiske metodar.

Når presidenten ikkje utan vidare vil love å godta valresultatet, er grunngivinga at det offisielle resultatet kan vere uriktig. Trump hevdar utstrekt bruk av poststemmer under koronapandemien legg til rette for valfusk.

Men desse påstandane har aldri vorte beviste eller dokumenterte. Wig og andre analytikarar oppfattar derfor Trumps skuldingar som eit forsøk på å skape uvisse rundt valresultatet før valet er gjennomført.

I tillegg er det fleire demokratar enn republikanarar som planlegg å stemme via posten – ei ordning Trump seier han ikkje stoler på.

– Eit varsla statskupp

Også i USA har statsvitarar og historikarar åtvara om ein uviss situasjon for det amerikanske demokratiet fram mot valet.

– For meg som historikar er det vanskeleg å komme på eit statskupp som har vore så tydeleg varsla i forkant, sa professor Timothy Snyder nyleg til magasinet New York.

Snyder, som er tilsett ved Yale-universitetet, meiner Trump prøver å undergrave legitimiteten av valet – og at dette viser at han ønskjer å behalde makta på ulovleg vis.

Historieprofessor Anne Berg ved University of Pennsylvania kom òg med ei dramatisk åtvaring i eit intervju nyleg med avisa Philadelphia Inquirer. Ho samanlikna dagens situasjon i USA med Tyskland på 1930-talet, før Adolf Hitler greip makta.

Splittingar i samfunnet

Det er likevel ikkje berre Trumps utsegner og handlingar som vekkjer Bergs bekymring. Ho viser til den kraftige polariseringa i det amerikanske samfunnet, der ulike grupper har vorte svekt i trua på at demokratiet fungerer.

– Fragmenteringa, desillusjon, kjensla av at motstridande verdsbilete ikkje samsvarar i det heile. Dette er ein viktig parallell, meiner Berg.

Tore Wig understrekar at han trur det er mest sannsynleg at det amerikanske valresultatet i november blir respektert.

Og i alle fall eitt scenario som han var bekymra for i 2017, har ikkje vorte realitet: Trump har ikkje prøvd å utnytte internasjonale kriser eller angrep mot amerikanarar til å stramme grepet om makta.

På andre område har situasjonen utvikla seg i ei verre retning enn han såg for seg for fire år sidan.

– Det verkar ikkje som det republikanske partiet set nokre avgrensingar for det Trump kan finne på. Det gjer situasjonen skumlare, seier Wig.

(©NPK)