Populært med pizza julaftan

Eit par hundre tusen nordmenn har Grandiosa på menyen sjølvaste julaftan.

Pizzafest: Einar Arve Nordang, logistikksjef i Orkla Foods på Stranda, kan fortelje at salet av Grandiosa har hatt ei ny auke i år. Bildet er tatt etter eit allmøte bedrifta hadde førre veke. I den anledning fekk alle tilsette, om lag 200, utdelt genser maken til den Nordang har på seg her.  

Nyhende

Allereie i 2003 kom det fram i ei undersøking MMI gjorde for Stabburet at tre prosent av alle nordmenn over 15 år nyt pizza frå Stranda på julaftan. Heilt sidan då har vissa om at fleire av oss et Grandiosa på julekvelden sett sitt eige preg på folkesjela.