Fiksar vegen i 2016

Vegen nedanfor Ørnesvingen har vore innsnevra sidan 11. mai i år.

Kreditering: Halgeir Dahle/Statens vegvesen

Nyhende

I mai gjekk det eit ras nedanfor Ørnevegen, som ligg på fylkesveg 63 mellom Geiranger og Eidsdal. Sidan då har ei vegbane, i ei strekning på om lag 35 meter, vore stengt.

Statens vegvesen sa i mai at dei ville vente til turistsesongen var over, i oktober, før dei starta med utbetringsarbeidet. Dette har bakgrunn i at dei må stenge heile vegen når dei skal gjere nødvendig sprengingsarbeidet på staden.

  • Øvst i saka kan du sjå video frå området.

No opplyser Statens vegvesen at det er sett av middel til å utbetre vegen i 2016. Men kva tid dette vil skje, er ikkje avklart.

 –Vi kjem først til å bestemme oss for det når vi har snakka med kommunen og dei største turistaktørane i Geiranger, seier Steinar Vestnes i vegvesenet, og legg til at dei truleg kjem til å ta kontakt med kommunen i løpet av dei neste to vekene.