Fekk audiens hos Kongen

Atle Hermod Ringseth frå Liabygda fekk audiens hos Kong Harald og Kronprinsesse Mette-Marit i dag, torsdag.

Atle Hermod Ringseth frå Liabygda (t.v., i midten) fekk audiens hos H.M. Kong Harald og H.K.H Kronprinsesse Mette-Marit på Slottet torsdag. Følgjeperson (t.v.) er Unni Ringseth.  Foto: Heiko Junge/NTB Scanpix service

Nyhende

Atle Hermod Ringseth fekk tildelt Kongens fortenestemedalje i forbindelse med Storfjordens venner si 40-årsfeiring i Geiranger 12. september i år.

– Sidan 1980, fem år etter at foreininga vart starta opp, og fram til han gav seg – godt inne i 80-åra – har han stått i spissen for dei fleste restaureringsprosjekta, skriv foreininga i ei pressemelding.

Han vart utnemnt til æresmedlem i Storfjordens venner i 2005.


Fekk Kongens fortenestemedalje

To av æresmedlemmene i Storfjordens Venner fekk den gjeve medaljen laurdag kveld.

– Eg vil hevde at Atle Ringseth er ein del av verdsarven. Verdsarven finn vi blant oss, i vårt eige miljø. Dette ser også Kong Harald. Og han har valt, som det står i diplomet, å tildele Ringseth sin fortenestemedalje. Og det er underskrive av Kongen sjølv, sa ordførar Jan Ove Tryggestad i si tale til Ringseth under overrekkinga på Hotel Union.

Audiens

Kongens fortenestemedalje blir delt ut som påskjøning for innsats av særlig samfunnsgagnleg natur på område som kunst, kultur, vitskap, næringsliv, sosialt og humanitært arbeid, står det å lese på kongehuset sin nettstad.

Mottakarane får, i tillegg til medalje og diplom, ein invitasjon til audiens hos kongen.

Difor fekk Ringseth helse på både Hans Majestet Kong Harald og H.K.H Kronprinsesse Mette-Marit på Slottet i går, torsdag.