Sjå kyrkjelyden klappe, svinge, neie og bukke:

Uhøgtideleg avslutning på gudstenesta julaftan

Nyhende

Gudstenesta i Stranda kyrkje avslutta med at kyrkjelyden song «Å jul med din glede».

Fungerande sokneprest i Stranda og Liabygda Finn Arne Roaldsnes fortel at det er ein tradisjon han har teke med seg frå Vestnes.

– Ideen kjem frå Domkirka. Det var dei, og domprost Øystein Bjørdal, som leda an med denne tradisjonen, seier han.

Soknepresten legg til at den uhøgtidelege, men svært trivelege avslutninga, er øyremerka barn.

– Det er endeleg noko for små barn, slik at dei kan sitje igjen med ei god oppleving. Jula er òg ei høgtid for leik, smiler han.