Europris opnar butikk på Stranda

Den nye Europris-butikken vil ligge i Ekornesbygget.  Foto: Arkiv

Nyhende

Det stadfester administrerande direktør i selskapet, Pål Wibe, til Sunnmøringen torsdag kveld.

– Det stemmer. Gleder oss til å flytte inn i Ekornesbygget, skriv han i ei tekstmelding.

Dato er ikkje endeleg fastsett, men Wibe seier at butikken vil opne ein gang i sommar.

Fleire arbeidsplassar

Kjeda har ikkje tilsett ein dagleg leiar enda, men opninga vil tilføre Stranda sentrum fleire nye arbeidsplassar.

– Det vil bli mellom seks til ti tilsette, avhengig av korleis heiltid/deltidsbrøken blir, seier Wibe.