Sjå presentasjonen til Brød-rett-hjem UB

Her er presentasjonen som Beste ungdomsbedrift 2016 i Møre og Romsdal, Brød-rett-hjem UB, hadde framfor juryen.

Kreditering: Ole-Bjørn Hjellegjerde

Nyhende

"Juryen blei imponert av ei bedrift som leverer godt på alle område. Eit gjennomarbeida produkt som er utvikla og kvalitetssikra i nært samarbeid med lokalt næringsliv. Dei viser eit godt samhald i gruppa og viser profesjonalitet både i delårsrapport, presentasjon og utstilling", heiter det i juryen si grunngiving for prisen som sender bedrifta til Norgesmeisterskapet i Lillestrøm for ungdomsbedrifter.

Det er entreprenørskapslærar ved Stranda vidaregåande skule, Ole-Bjørn Hjellegjerde som har filma presentasjonen.

Les meir om fylkesmessa i Ungt Entreprenørskap i Sunnmøringen laurdag 12. mars.