Arrangerte KRIK-cup

KRIK-cup vart ein suksess med 10 påmelde lag. Dette var ein innandørs futsal-turnering som vart arrangert av KRIK Stranda og Vestborg Vgs.

Kreditering: Video: Markus Engås

Nyhende

Turneringa gjekk føre seg i Strandahallen på laurdag frå klokka 11.00 og til rundt klokka 20.00. Etter dette var det møte med premieutdeling på Vestborg vidaregåande skule.

På cupen var det stor stemning medan dei påmelde spelarane spelte. På ettermiddagen kom distriktsmedarbeidaren i KRIK i Møre og Romsdal for å ha aktivitetar etterfulgt med "chippen" med premie.

Vinnarane av cupen var Lanterne Rouge.

Her kan du sjå alle resultata.