Årets bedrift fekk pris

Slettvoll Møbler fekk overrekt den gjeve prisen under opninga av fylkestinget i Geiranger i dag.

Fabrikksjef Jens Peter Brunstad (t.v.), administrerande direktør Kristine Landmark og tillitsvald Harry Malmo tok i mot prisen på vegner av Slettvoll Møbler AS.  

Nyhende

Bedrifta var representert ved administrerande direktør Kristine Landmark, tillitsvald Harry Malmo og fabrikksjef Jens Peter Brunstad.

– Tusen hjarteleg takk. Dette var veldig kjekt for oss. Vi veit at det er ein ganske hard kamp om denne prisen, og vi har prøvd oss nokon gonger utan å kome heilt opp, sa Landmark i takketalen.

Ho sa at det var spesielt kjekt å få prisen nettopp i år.

– Vi har hatt eit veldig strevsamt år bak oss. I fjor gjorde vi store ting på fabrikken på Stranda. Det har vore ei ombygging utan like, med 6 til 7 millionar kroner investert, og vi har flytta om på alt som har med produksjonen å gjere.

Landmark bad også om ein runde med ekstra applaus til Malmo og Brunstad.

– Dei har levert ein «all time-high», vore presise på datoen for levering, hatt låge reklamasjonskostnadar og låge kostnadar. Så er det nokon som fortener applaus, er det desse to, sa ho.

Landmark avslutta med å fortelje om historia til bedrifta, frå etableringa i 1951 og fram til i dag.