Gjekk i tog med russen

Sjå barna i Ringstad barnehage øve seg til 17. mai.
Nyhende

I dag, onsdag, vart ein kjekk dag for både små og store i barnehagen.

Tradisjonen tru før 17. mai,  kom russen ved Stranda vidaregåande skule på besøk. I samla tropp gjekk dei i tog frå barnehagen, rundt vidaregåande, og tilbake igjen.

Etterpå var det is i barnehagen. For barna var det sosiale samværet med russen ein ypparleg mogelegheit til å samle seg fleire russekort! Finvêret sette ei flott ramme rundt det heile.

Øvst i saka kan du sjå ein videomontasje frå dagen – både frå toget og frå då russen fòr.