Stranda i raudt, kvitt og blått

Sjå video frå 17. mai-feiringa på Stranda – og høyr korleis ein femteklassing hadde det på nasjonaldagen.

Kreditering: Markus Engås

Frå 17. mai-toget.  Foto: Markus Engås

Nyhende

Markus Engås har laga ein video frå gårsdagens feiring, kor han også har intervjua Vegard Muren som går i femte klasse på Ringstad skule.

Muren gjekk i tog saman med klassen sin i går – noko han fortel var veldig kjekt.

Songen i videoen er frå den siste allsongen ved utescena. Stranda ungdomskorps og Stranda skulekorps speler «Norge i rødt, hvitt og blått», under leiing av dirigent Harald Lied. Ragnvald Isehaug, Ola Ødegård og Mathias Tveten er forsongarar.