No er det offisielt:

Stranda er Norges skinkehovudstad

Strandaordførar Jan Ove Tryggestad møtte ordføraren i Tynset, Merete Myhre Moen, til duell i dag, fredag.

Ordførar i Tynset Merete Myhre Moen og ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad, føre Grilstad sin smørebuss.  Foto: Grilstad

Grilstad har med seg sin eigen smøretrailer til Norsk Spekematfestival.  Foto: Grilstad

Nyhende

Dei to møtte kvarandre i tre konkurransar: Blindtest, uthaldsprøve og kunnskap, fortel Tryggestad. Slaget gjekk føre seg på Norsk Spekematfestival på Tynset i Hedmark.

Tryggestad halte i land sigeren under blindtesten, kor det sjølvsagt vart servert skinke.


Full krig om spekeskinka

Fredstida er over. No vert Stranda utfordra av ein kommune i Hedmark – som meiner dei er best i landet på spekeskinke.

Uthaldsprøven gjekk ut på å halde eit fenalår lengst mogleg.

– Der vann Tynset. Vi kan seie det slik, ler Tryggestad.

– Klar siger

I kunnskapskonkurransen fekk han sterke 8 av 10 poeng, eit resultat som til og med overraska strandaordføraren.

– Vi fekk blant anna spørsmål om kor mykje skinke vi et i Norge, prisen på den dyraste skinka og opphavsland. Eg vart overraska over resultatet, men det enda med klar siger til Stranda, seier han.

Stiller mannsterke

Det resulterte sjølvsagt i stor jubel frå delegasjonen som har teke turen frå Grilstad, sjølv om Tryggestad seier at det kan bli omkamp om tittelen under festivalen neste år.

Marketingdirektør Oskar Gjærde i Grilstad Stranda, fortel at selskapet har med seg nokre-og-tjue tilsette til Tynset. Kring halvparten av dei er frå Stranda.

– Vi stille mannsterke, og brukar dette som ei anledning til å sveise saman produksjonsmiljøa på Trondheim og Stranda, seier han.

– Kjempeinnsats

Han skildrar ordførarduellen som ein flott seanse, men seier at dei ikkje ser på det som ei offisiell kåring.

– Det var veldig bra, og Jan Ove gjorde ein kjempeinnsats, men vi har vore skinkehovudstad heile tida, seier Gjærde.

Han fortel at dei har hatt fine dagar på Tynset, og seier dei har blitt teke godt i mot.

– Suksess

Med solskinsvêr, god stemning og ein duell som trakk fullt hus, seier Tryggestad at arrangementet har vorte ein suksess.

– Dette har blitt ein kommersiell kjempesuksess for alle som er glad i norsk skinke, seier han.

Norsk spekematfestival på Tynset held fram i kveld, fredag, i morgon og søndag. I løpet av helga kan publikum blant anna få med seg fabrikkvandring hos Nortura, operaførestilling, utstilling med Pushwagner, konsertar og mykje meir.