Klart svar frå strandarane

Resultatet frå innbyggarhøyringa i Stranda er klar.
Nyhende

Svaret frå innbyggarhøyringa er eintydig: 65,6 prosent vil at Stranda skal halde fram som eiga kommune, medan 34,4 prosent vil slå saman Stranda og Sykkylven.

Blanke stemmer?

Kommunen er ikkje hundre prosent ferdig med å gå gjennom svarskjemaa, som også inneheldt eit ope kommentarfelt. Men ifølgje kommunen ser det så langt ut for at tre til fire personar har stemt blankt.

899 personar stemte nei til Stranda/Sykkylven-alternativet, medan 472 personar stemte ja.

Valdeltakinga blant kvinner og menn var omtrent jamnstor: 50,9 prosent menn og 49,1 prosent kvinner svarte i undersøkinga.

Alderssammensettinga blant dei som svarte på innbyggarundersøkinga, viser at majoriteten av respondantar var i alderen 40+. Flest svar kom frå aldersgruppa 71 år eller eldre, som hadde 21,5 prosent av innmeldte svar - 309 personar.

For aldersgruppa 16-20 år svarte 110 personar, noko som utgjer 7,6 prosent av totalen.


Sykkylven har offentleggjort resultatet

Klar melding frå innbyggarane i Sykkylven om kommunestruktur i framtida.



– Stranda vart eit betre alternativ enn eg trudde

Ordføraren i Sykkylven synest deltakinga er låg, men er godt nøgd med resultatet av innbyggarhøyringa om kommunereforma.