– Det er gøy, og utfordrande

Dei tilsette ved den nye Europris-butikken på Stranda er i full sving med å gjere alt klart til opning.

Frå venstre er butikksjef Bjørn Våtmyr, Elise Ringstad, assisterande butikksjef Tone Rekdal og Gry Karin Aal. 

Butikken ligg i PI-fabrikken, og er 997 kvadratmeter stor. 

Nyhende

Den offisielle opninga er på torsdag i neste veke.

Dit kjem ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad, og Kjell «Kjellen» Bigset.

– Det blir også gratis is til barna og marsipankake, fortel butikksjef Bjørn Våtmyr.

Han er frå Ikornnes i Sykkylven, og kjem frå møbelbransjen.

God hjelp

Sidan fredag i førre veke har han og assisterande butikksjef Tone Rekdal vore i sving med å få på plass innreiinga i den nye butikken.

Dei har fått god hjelp av Europris-tilsette i tre andre butikkar, Martin frå Giske, Richard frå Vatne og Benjamin frå Sogndal. I tillegg er butikksjefen i Surnadal, Bjørn Einar Karlsen, med på laget.

Karlsen fortel at denne typen «dugnadsarbeid» er vanleg i kjeda.

– Det er ein relativt ny gjeng her, dei fleste er heilt nye i Europris-samanheng. Då er det veldig greitt at ein kan ha med seg erfarne folk frå fleire butikkar, seier han.

Han saknar ikkje sin eigen butikk.

– Så lenge ein har dyktige folk på plass er det null problem. Og for min eigen del er det veldig artig å kunne vere med på slike prosjekt, seier Karlsen.

Dei fire skal òg vere med på dei tre første opningsdagane på Stranda, og set først kursen heim til sine respektive butikkar laurdag i neste veke.

– Viktig erfaring

På måndag denne veka hadde Elise Ringstad og Gry Karin Aal sin første arbeidsdag. Dei kjem begge frå Kiwi på Stranda, og Rekdal seier at butikkmedarbeidarar som både har lokalkunnskap og erfaring er ein bonus.

– Erfaringa er veldig viktig med tanke på at vi ønskjer å yte god service og kundebehandling. Vi vil jo at kundane skal kome tilbake igjen. Og så kjenner dei befolkninga godt, og veit kva folk vil ha og ønsker. Det er ein stor fordel, seier Rekdal.

I tillegg til Aal og Ringstad, er også to skuleelevar tilsett som butikkmedarbeidarar.

– Vi er til saman seks tilsette i fem årsverk, fortel Våtmyr, som skildrar nyopninga som både gøy og utfordrande.

Hemmeleg opningstilbod

Sjølv kjem Rekdal frå Florø, kor ho jobba i butikk i same kjede. Med ny jobb her, har ho nyleg flytta til Stranda.

– Eg har ikkje fått sett så mykje av Stranda enno, for mitt fokus har vore her. Men eg er veldig glad i å gå på fjellturar og i naturen, og så er det bra at de har eit treningssenter her. Eg har også blitt kjent med desse to kjekke medarbeidarane vi har her, så eg tenkjer at det blir bra, eg, smiler ho.

Saman med Våtmyr lovar ho gode opningstilbod – men held førebels korta tett til brystet, og vil ikkje røpe planane i detalj riktig enno.