«Kjellen» opna butikk

Kjell «Kjellen» Bigset var til stades då Europris opna ny butikk på Stranda.

Kreditering: Hege Bjørkedal

Nyhende

– Eg har tatt meg ei svide og kvalitetssikra butikken, fortel «Kjellen» som verkar å synest at butikken er svært oppegåande.

Ved inngangspartiet sto ein usedvanleg blid «Kjellen» og informerte om at det både var kaffi og kake å få inne.

– Ein daudar ikkje av eit kakestykke, seier han til ein av kundane.

Dei kundane som kom først fekk også utdelt gåvekort av Bigset.

Selfie

Dei frammøtte strøymde til den nyopna butikken, og fleire ba Fjord1-entusiasten om selfie (sjølvknips).

Noko dei sjølvsagt fekk.

I køen sto Inger Lise Rødset, ho tykkjer det er kjempebra at Europris no har kome til bygda.

– Eg har sakna ein slik butikk, og det har blitt ein del turar til Sykkylven tidlegare, seier Rødset som no ikkje treng å køyre lenger enn ned i sentrum.