Følg verdsrekordbålet direkte

No kan du følgje Slinningsbålet i Ålesund direkte her. Som kjent har bålet nådd verdsrekord med ei høgde på 47,4 meter, og klokka 21 blir det sett fyr på.

I fjor blei Slinningsbålet 34 meter høgt, ein meter høgare enn året før. Bålet som skal tennast i kveld er ny verdsrekord med 47,4 meter.  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

Med handemakt har bålbyggarane reist eit bål som er målt til 47,4 meter. Dermed er verdensrekorden eit faktum. Kontrollmålinga er utført med laser av Longva Oppmåling og stadfesta av politi fra Sunnmøre politidistrikt.

Sunnmøringen formidlar vidare Sunnmørsposten si direktesending frå Slinningsbålet i sunnmørshovudstaden.

Båla i åra før har rasa under brenning. Korleis går det i år når det er rekordhøgt? Vil det stå lenge før det går over ende? Følg med på sendinga frå klokka 21.

Godt over førre rekord

Ifølge Guinness World Records er det hittilhøgste bålet bygt i  den vesle slovenske landsbyen Boštanj i 2007 i samband med 1. mai-feiringa. Bålet var 43.44 meter høgt, men det blei brukt ei heisekran for å få på plass øvste delen av bålet. I Ålesund byggjer ein med handemakt. Og der var den førre rekorden 40,45 meter i 2010.