Fann helleristing på Stranda

I sommar oppdaga Turid Skogly ein hjort på ein stein ho henta frå småbåthamna på Stranda for ti år sidan. Dette viser seg å vere ei helleristing som er 6000 år gamal.
Nyhende

Turid og dottera, Trude Skogly Rolfsen, kika nærare på steinen som har stått i hagen i ti år, og var usikre på om det faktisk var ein hjort dei såg.

Då syster til Turid kom på besøk, var ho overbevist om at det var eit hjortedyr og dei bestemte seg for å ta kontakt med kommunen.

Ekspertar

Frå Møre og Romsdal fylkeskommune kom difor arkeolog Kristoffer Dahle, saman med Trond Lødøen og Morten Ramstad frå Universitetet i Bergen.

Etter å ha sett på steinen kunne dei fastslå at det faktisk er ei helleristing og at ho mest sannsynleg er 6000 år gamal.

– Det er vanskeleg å datere, men vi vil tru ho er 6000 år gamal, fortel Dahle.

Helleristinga er mest truleg laga av fangstfolk som kom hit for å jakte i høgfjellet, og

Øygardsvika

Steinen med helleristninga fann Turid for ti år sidan bortanfor småbåthamna i Øygardsvika like utanfor Stranda sentrum. Sidan den gong har den stått i hagen.

No oppmodar Dahle, Lødøen og Ramstad folk om å ta kontakt om dei veit kvar denne steinen kan kome frå.

– Det blei flytta ein del masse ned til småbåthamna for ti år sidan, so om nokon veit kvar dei ulike massane kjem frå må dei ta kontakt, seier Dahle.

Håpet er å finne eit større felt med fleire helleristningar. Sidan havnivået var tjue meter høgare for 6000 år sidan, er det mest sannsynleg at opphavsstaden til denne helleristinga ligg litt høgare enn dette.

Sjeldan funn

Dette er det første funnet av ei so gamal helleristing på Sunnmøre, og den første på 50 år som er funne på Vestlandet.

– Dei andre helleristingsfelta på Sunnmøre er 3000 år gamle, so dette er det eldste av denne typen vi har funne her, seier Dahle.

Arkeologane er difor svært glad for funnet, og håper at dette kan føre til at dei finn meir.

Skulle du kome over eit berg med noko som ser ut som helleristingar er det berre å ta kontakt med fylkeskommunen og Dahle.

– Det er også lurt å ikkje rote for mykje borti berget og helleristinga. Vi vil gjerne sjå på området rundt også, i tilfelle der er andre ting av interesse, seier Lødøen.

Bergen

No blir steinen med helleristinga på frakta til Bergen, der den blir analysar og dei vil digitalisere hjortedyret slik at dei kan sjå nærare på det.

– Det er mogleg steinen kan kome tilbake til eit museum eller noko her på Stranda, men det er viktig at den blir skikkeleg oppbevart.