Får friarbrev frå Stranda-jente

Eitt av breva til "Jakten på kjærligheten"-bonden Martin Vågsæter er av det kortreiste slaget.

Katarina Flatland, programleiar i "Jakten på kjærligheten", og Martin Vågsæter.  Foto: Espen Solli/TV2

Nyhende

Førebels held både Vågsæter og TV2 godt på hemmelegheitene føre kveldens sesongpremiere, men tradisjonen tru vil den første episoden dreie seg om kor mange friarbrev bøndene har fått.

I programmet er det dei fire bøndene med flest brev som får kjærleiksjakta si vist på TV utover hausten.

Korleis dette går for Vågsæter sin del, får vi først vite i morgon kveld. Men i eit klipp frå TV2, som du kan sjå øvst i saka, kjem det fram at eitt av friarbreva til bonden i Emdalen er frå ei jente på Stranda.

– Eg har høyrt rykte om at ho skulle sende brev, seier Vågsæter til programleiar Katarina Flatland.

Kjente ho ikkje

I same klipp stadfester Vågsæter at han har høyrt namnet før, men seier til Sunnmøringen at det ikkje var ei han kjente.

– Kva tankar hadde du gjort deg om at du kunne kome til å få friarbrev frå nærområdet?

– Det var ikkje sånn at eg håpte på brev frå nabobygda. Men eg forstod at det var ein moglegheit, seier Vågsæter.

På frukost-TV

I går, søndag, var Vågsæter i Oslo, kor han i dag tidleg var gjest i TV2-programmet «God Morgen Norge».

- Eg og Audun skal vere der, saman med Katarina Flatland, fortalde han til Sunnmøringen i går.

Audun Øygard er også ein av årets TV2-bønder. Han er frå Valdres og driv med rakfisk, opplyser TV-kanalen.

Men det er først i kveld, måndag 22. august, vi får vite om Vågsæter går vidare i «Jakten på kjærligheten», som har sesongpremiere kokka 20.00.


Bli med til Jakten-Martin på garden

Martin Vågsæter frå Stranda treng nok friarar for å kome med i Jakten på kjærligheten på TV2 til hausten. Laurdag kveld kan tv-sjåarar få med seg eit sjarmerande klipp med Vågsæter heime på garden.



Skal jakte på kjærleiken på TV

Martin Vågsæter (22) frå Stranda er ein av bøndene som skal vere med i TV2-programmet "Jakten på kjærligheten" denne sesongen.