Overtek Hotell Geiranger

Ei av hjørnesteinsbedriftene i vestlandsk reiseliv har fått nye eigarar. 
Nyhende

Familien Haldorsen, som har drive Hotell Geiranger dei siste 27 åra, har no kjøpt hotelleigedomen og eig hundre prosent  både i driftsselskapet Geiranger Hotelldrift AS og eigedomsselskapet Geiranger Fjord Hotels AS.  Eigedomsselskapet har hittil vore eigd av Giørtz-familien i Ålesund.

Det er hotellsjef Maud Haldorsen (26) som i lag med faren Tore Sævil Haldorsen (62) styrer den daglege drifta av hotellet. Med seg i styret i driftsselskapet har dei direktør Preben Moen på Gloppen Hotell på Sandane og bror til Maud, Tor Kristian Haldorsen. Dette går fram av ei pressemelding frå dei nye eigarane tysdag 30. august.

Hotell Geiranger er med sine 151 gjesterom, to restaurangar og to barar eitt av dei største fjordhotella på Vestlandet. Hotellet er vinterstengt og er ope berre i perioden 1. mai til 30. september. I denne korte sesongen omset hotellet i år for 26,5 millionar kroner og sysselset 53 personar.

Les meir i Sunnmøringen torsdag 1. september.