Trur ein ulv kan ha skada Wimpy

Ein mann på Stranda observerte måndag det han meiner var ein ulv. Få dagar seinare blei ein av hestane på garden stygt angripen.
Nyhende

– Klokka kvart på fem på ettermiddagen måndag kom eg på Røyrhusbrua frå Stryn, og heldt på å køyre på ein ulv som var sju til åtte meter frå meg. Han hoppa inn på vegen og gjekk roleg frå midten av vegen før han gjekk ut. Han var veldig lys og eg såg han 150 prosent tydeleg så det var ingen tvil om kva det var, fortel Ole Jørgen Sve.

Han møtte ein bil på staden og hadde blenda ned.

– Med det same eg smelte på langlysa, kom ulven. Hadde eg kome to sekund seinare og ikkje bremsa så hadde eg kanskje køyrt over han.

SJÅ BILETE AV SÅRET OG SPOR ØVST I SAKA

Spora snøa ned

Sve ringte formannen i viltnemnda, som skulle prøve å finne spora i snøen. Men det lukkast ikkje. Og dagen etter hadde det kome meir snø. Dermed var det ei tapt sak.

Det skal ha vore observert ulv i Ørsta ved eit par høve helga før.

Sve fortel at han har tre hestar, to fjordingar og ein quarter. Den sistnemnde brukar kona til ridehest.

Torsdag reiser kona heim i 12-tida for å fore hestane middag. Då plar dei kome ned til husa og stå og vente kvar einaste dag heile året. Men denne dagen kom dei ikkje ned. Dei stod om lag 200 meter frå huset, litt nedanfor beitet.

Rar reaksjon frå hestane

– Ho skjønte at noko var gale for den eine unghesten var heilt rabiat, bles og for og sprang att og fram og styra. Så går ho opp der og møter eit ganske fortvila syn. Det er masse blod over eit stort område. Quarteren står still. Den har eit heilt vanvittig sår i ein av bakføtene. Ho får hesten ned til slutt på tre føter, og får tak i dyrlege og dei startar behandling. Det er djup blødning.

Sve er usikker på korleis det vil gå, og om den kostbare hesten må avlivast. Førebels står ikkje hesten på den foten, og han må dopast ned kvar dag.

Hesteeigaren var i Oslo då hesten blei skada, og bad kona og ein av brørne om å sjå om dei fann nokon spor, sidan han hadde sett ulv berre tre mil derifrå nokre dagar før. Det viste seg at det var mange spor der ein fann blod. Spora kom frå fjellet og skogen og forsvann dit igjen. Derfor trur ikkje eigaren at det kan ha vore ein laushund. Dessutan har han ikkje høyrt om at det er nokon laushund i området.

Ber folk passe dyra sine

Ein rovviltkontakt meinte at spora han fekk bilde av, var litt små til å vere frå ein ung ulv. Men Sve sjølv er overtydd om at det må ha vore eit rovdyr, og trur det kan ha vore ulven han meinte han såg få dagar tidlegare.

– Det er bra om media kan omtale dette, så folk får ta sine forholdsreglar og passe på dyra sine. No er ikkje sauer i marka lenger. Det er berre nokre husdyr på marka og så er det hjort. Viss denne karen der fortset så går det ut over ein eller annan.

Her kan du lese arkivartiklar i samband med sist det var ulvebesøk i Stranda. Då var Sunnmøringen først ute med å omtale ulveobservasjonen som blei ei svært heit sak både i sosiale og redigerte media.