Vedtok rassikring til Geiranger

Fylkesveg 63 Eidsdal-Geiranger er no inne i økonomiplanen for fylket med 700 millionar kroner og samrøystes vedteke i fylkestinget.

Korsmyra tunnel. Frå reguleringsplanen for Fv. 63, rassikring mellom Eidsdal (Indreeide) og Geiranger (Korsmyra).  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

– Det står att å skaffe rassikringsmidlar frå regjeringa, og vi har alt bedt om møte med samferdselsministeren, seier Frank Sve (Frp).

Han fremja saka i samband med økonomiplan for 2017-2020 på vegner av seg sjølv, Charles Tøsse (H), Steinar Reiten (KrF), Randi Asbjørnsen (Sunnmørslista), Tove-Lise Torve (Ap), Kristin Sørheim (Sp), Yvonne Wold (Sv), Iver Nordseth (V), Bjarne Kvalsvik (UVS), John JOhn Bruseth (MDG), Mette Belden (NML), Runar Vestheim (NML), Nils Fløystad (NML) og Elisabeth Jørgenvåg (NML).

Rassikringsmidlane er tenkt fordelt med 200 millionar i 2018, 300 millionar i 2019 og 200 millionar i 2020.

Ein føreset at prosjektet vert finansiert av statlege rassikringsmidlar, og at fylkeskommunen også kan ta stilling til forskottering dersom dette blir nødvendig.