Alvorleg trafikkulykke i Stranda

To personar sendt til sjukehus, ein av dei med alvorleg skade, etter trafikkulykke på Hellesylt laurdag.
Nyhende

Klokka ti over eitt laurdag 21. januar skriv politiet på Sunnmøre i ei twittermelding om trafikkulykke på Hellesylt. Det er front mot front to bilar. Ein person sit fast. Naudetatar er på veg.

Politiet opplyser at ulykka på fylkesveg 60 er om lag ein kilometer frå Hellesylt i retning mot Stryn (Nybø/Holen). To personar involvert, og ambulansehelikopteret har landa ca kl. 13.30.

Brannbilar er også på staden.

Sendt med luftambulanse

Politet melder kvart på to at begge personane er ute av bil, og blir sendt med luftambulanse til sjukehus.

"Ukjent/høyenergi. Store trafikale køer", skriv politiet til slutt i meldinga på Twitter.

Alvorleg skade

KL. 14:11:– Hellesylt: Helse melder om alvorleg skade på den eine involverte, krimteknisk bistand er på veg. Vegtrafikksentralen si ulykkesgruppe er varsla og trafikken blir dirigert, opplyser politiet via Twitter.

Laurdag kveld skriv Sunnmørsposten på nett at den eine skadde, ein mann i 40-åra, er blei operert ved Ålesund sjukehus. Den andre personen, ein mann i 20-åra, slepp lettare frå frontkollisjonen.