Redaktørskifte i Sunnmøringen

Johan Behrentz (62) er tilsett som konstituert redaktør og dagleg leiar i Sunnmøringen.
Nyhende

Behrentz startar i stillinga 13. februar 2017, og erstattar Bjørn Arild Hatlem som har bedt om snarleg avløysing etter å ha takka ja til stilling som konsulent/politisk sekretær i Ålesund kommune.

Brei erfaring

Behrentz har brei pressebakgrunn, og har sidan midten av 1980-talet hatt fleire ulike stillingar i Sunnmørsposten sin redaksjon. I tillegg til å arbeide med journalistikk innan fleire fagområde og  sjangrar, har han også hatt særansvar for den redaksjonelle dekninga for fleire distrikt i Sunnmørsposten sitt dekningsfelt. Behrentz har også stor interesse for digital publisering, og for bruk av ny teknologi i journalistikken. I periodar har også Behrentz vore vikarierande vaktsjef i redaksjonen. Han har tidlegare også bakgrunn som journalist i Dagen.

God kontinuitet

Johan Behrentz er busett i Ålesund.

– Vi er svært nøgde med at Behrentz på kort varsel har tatt utfordringa som leiar i Sunnmøringen. Det gir god kontinuitet i det redaksjonelle arbeidet i Sunnmøringen, og eg er trygg på at Behrentz sin breie og varierte redaksjonelle bakgrunn og hans gode innsikt i samfunns- og næringsliv  vil løfte Sunnmøringen vidare, både i papirutgåva og på dei digitale flatene, seier styreleiar Lidvar Flydal i ein kommentar.

Spanande

Den nye redaktøren seier at han ser fram til å arbeide i Sunnmøringen.

– Avisa dekkjer ein spanande region og det skjer mykje her, både når det gjeld politikk, kultur og næringsliv. Eg håper lesarane syner tolmod med meg den første tida, men eg er glad for at avisa har røynde journalistar. Saman vil vi gjere det beste for at lesarane skal få den informasjon og dei nyheiter som ei lokalavis kan gje. Samstundes vil eg takke Bjørn Arild Hatlem for at han har lagt eit godt grunnlag for den vidare drifta, seier Johan Behrentz.