Lanserer nytt hyttekonsept

Laurdag blir det lansering med framvising av den første hytta til ein ny hytteprodusent på Sunnmøre.

Ein av hyttetypane som skal produserast innandørs og plasserast der kjøparar har tomt.  Foto: InStordal (Illustrasjon)

Nyhende

I strandsona ved Best i Stordal blir det laurdag 4. februar lansering og framvising av den første hytta laga av gründerbedrifta InStordal AS.

– InStordal AS er eit ganske spesielt gründerprosjekt som no blir realisert. Vi lagar ferdigproduserte microhytter i fabrikken vår. Vi leverer dei nøkkelklare på ønska tomt. Med å serieprodusere hytter innendørs på Sunnmøre, leverer vi flotte kvalitetshytter i moderne storleikar til ein pris folk flest kan leve med, seier Steffen Leganger.

Hytta som no blir flytta ut av fabrikken og sett opp mellombels i sentrum skal fungere som demohytte for folk som vil sjå på, ta på og føle på ei helt spesiell hytteoppleving. Hytta er ein av fleire modellar firmaet skal tilby.

Meir enn 100 påmelde til lanseringsfesten viser ei god interesse for konseptet.