Orkla med storsatsing

Historisk dag for Stranda

Orkla vil gjere den største enkeltinvesteringa nokon gong i konsernet si historie i Stranda.

Sentrale personar Frå venstre: Konsernsjef A. Ruzicka i Orkla Foods, tidlegare konsernsjef Leif Frode Onarheim og landbruks- og matminister Jon Georg Dale under presentasjonen i eit telt utanfor pizzafabrikken på Svemorka.  Foto: Johan behrentz

Stor interesse Tilsette og gjestar følgte godt med under presentasjonen.  Foto: Johan Behrentz

Fest Sunnylven musikkorps sette sitt høgtidelege preg på presentasjonen av den store nyheita for Stranda.  Foto: Terje Engås, Sunnmørsposten

Nyhende

Det skal investerast over en halv milliard kroner på pizzafabrikken til  Orkla i Stranda. Det kom fram under eit stort arrangement på Svemorka i ettermiddag. Både tidlegare konsernsjef Leif Frode Onarheim, konsernsjef i Orkla Peter A. Ruzicka og landbruksminister Jon Georg Dale var til stades.

Leiar

Pizza-eventyret held fram

Når industrikonsernet Orkla vel å satse tungt på Stranda er det mange som lenge har gjort mykje rett i kommunen. Det er langt frå sjølvsagt at populærretten pizza skulle bli produsert i det som folk sør for Sinsenkrysset vil kalle grisgrendt strok.


Ein stolt ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) ønskte den nye satsinga til Orkla velkommen.

Totalt seljast det frosen pizza i Norge for 2,1 mrd. kroner til forbrukarar som blir stadig meir kvalitetsbevisste, heiter det i ei  melding frå Orkla Foods.


Har levert ein halv milliard Grandiosa

Pizzafabrikken på Stranda har nådd ein ny milepåle. Siste veka i august var det selt 500 millionar Grandiosa sidan den spe starten for 36 år sidan.


Levere kvalitet

– Vi er stolte av pizzaeventyret på Stranda, og som største aktør i det norske pizzamarknaden er det viktig at Orkla hele tida kan levere høgare kvalitet. For oss er det openbert at det som er godt nok i dag, ikkje er godt nok i morgon, seier Orklas konsernsjef Peter A. Ruzicka.

Utvikling

Lokalt innslag på ny pizza

Denne veka rullar det ut trailarar til butikkane med ein heilt ny pizza frå Orkla sin pizzafabrikk på Stranda. Og for første gong blir Stranda profilert med eit bilete på pakken.

Investeringsprogrammet, som går over fem år, inneheld ein satsing både på nye innovasjonar og ei effektivisering av produksjonen.

Vi legger avgjerande vekt på å bli meir effektive i produksjonen. Mot slutten av perioden ønsker vi å samle de to fabrikkane vi har på Stranda på eitt stad, seier Peter A. Ruzicka.

Spesiell plass

Stranda har ei helt spesiell plass i Orklas historie. Eventyret starta for alvor i 1980, da Orkla «fant opp» og produserte den første Grandiosa-pizzaen. Det var i ei tid da pizza framleis var å anse som eksotisk mat i Norge. Med denne investeringa skrivast eit nytt kapittel i pizzaeventyret. Sidan 1980 har det blitt laget godt over 500 millionar Grandiosa- og BigOne-pizzaar på Stranda.

Stor betydning

Ny pizza på veg ut i butikken

1.300 pallar, eller 20 vogntog med Grandiosa blir køyrt ut torsdag.

Pizzaproduksjonen på Stranda er av stor betydning for verdiskapinga i norsk jordbruk og norsk matproduksjon. Eit års osteforbruk til pizza krev mjølk frå rundt 6.400 kyr. Regner vi dette om til tal på sysselsette gardsbruk, betyr det at nærmare 300 norske garder er engasjert på heiltid med å levere mjølk for å dekke osteforbruket ved pizzafabrikken.


Stranda

Reklamefilm for pizza

Orkla Foods Norge er i desse dagar i gang med innspelinga av ein ny reklamefilm frå Stranda.