Får fast speletid i Oslo Rådhus

Vinnarsongen til elevane frå Sunnylven skule kjem til å bli spelt kvar dag gjennom heile sommaren.

Oslo Rådhus sett frå sjøsida.  Foto: Jiri Havran

Nyhende

På Oslo Rådhus si heimeside kan ein lese at klokkespelet deira speler ein song kvar heile time, frå klokka 07.00 til midnatt.

Denne sommaren har 6.- og 7.-klassingane ved Sunnylven skule fått fast speletid.

Ønskt velkomen heim med overraskingsfest

Med norske flagg, ballongar, heiarop, heimelaga plakatar – og ikkje minst sin eigen song – blei dei ferske vinnarane av Veslefrikkprisen 2017 ønskt velkomen heim til Sunnylven i kveld, laurdag.

Klokka 11.00 kvar dag, frå 1. juni til og med 31. august, kjem rådhusklokkene til å kime songen dei vann Veslefrikk-konkurransen med – «Den forlatte byen».

Det fortalde Jostein Ringdal under overraskingsfesten i Sunnylven samfunnshus i kveld, laurdag.

Kom som ei overrasking

At dette var ein del av premien til vinnarklassane, var heilt hemmeleg. Korkje foreldra eller elevane visste kvifor dei hadde ein avtale hos klokkenist Laura Marie Rueslåtten etter avreise frå hotellet i dag tidleg, sa Ringdal.

– Det var først då vi var oppe i tårnet og alle var inne i det rommet klokkespelet blir styrt ifrå, at Rueslåtten presenterte seg. Ho kunne fortelje at ho har jobba med «Den forlatte byen», og har fått til ein komposisjon på klokkene i rådhuset. Ikkje berre fungerte songen som klokkespel, men den fungerte så bra at dei vil bruke den heile sommaren, sa han – ei opplysing som blei møtt av stor applaus frå dei frammøtte i samfunnshuset.