Ljøen

Vil ha radiomast

Legg til rette for mobiltekning i Geirangerfjorden.

Mast I samband med at Ljønibb- Hamreljøtunnelen er lagt ned, er det trong for ei ny radiomast på Ljøen.  Foto: Statens vegvesen

  Foto: Dokument

Nyhende

Statens vegvesen ønsker å byggje ei ny 18 meter høg radiomast og teknikkhus like nordaust for innkøyringa til den nye Ljøtunnelen.

Radiosignal til tunnel

Masta skal formidle radiosignal frå dei nye tunnelane, mobilsignal, kystradio innover Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden og signal frå Åkneset.

Plasseringa er avgjerande for dekninga til signala. Rådmannen i Stranda tilrår at det under visse vilkår blir gitt løyve til bygginga.