BBC-suksess

TV-team stenger Trollstigen

Trollstigen blir stengd i periodar i dag og i morgon på grunn av opptak til det populære BBC-programmet Top Gear.

Stengt Trollstigen blir periodevis stengt i dag torsdag og i morgon fredag på grunn av optak til det populære BBC-programmet Toppgear.   Foto: Arkiv

Nyhende

Dei skal mellom anna ha opptak i Liabygda, men det er diverre ikkje Liabygda i Stranda som får besøk. Derimot er det Liabygda i Romsdal. Sunnmøringen seier seg lei for mistydinga i dagens avis.

Romsdals Budstikke skriv at innspelinga til det populære TV-programmet tok til onsdag.

Frode Gjøsund, operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, stadfester dette til avisa.

Fleire stader

– Dei skal ha innspeling fleire stader denne veka. Enkelte vegstrekningar vil bli mellombels stengt i forbindelse med dette, er han sitert på.

Kortvarig stenging på Trollstigen

Vegvesenet skriv at Trollstigen kan bli stengt i periodar på inntil 15 minutt frå midnatt  torsdag til klokka 11.00 i føremiddag – og igjen frå klokka 16.00 i ettermiddag torsdag til kl. 11.00 fredag.

Den same trafikkmeldinga gjeld for Trollstigen frå klokka 16.00 til midnatt fredag.

Liabygda i programmet

Både Liabygda i Romsdal og Trollstigen står oppført i programmet til «Top Gear» på Nordvestlandet, som er gjeve att i sin heilskap i Romsdals Budstikke:

  • Torsdag 22. juni: Molde lufthamn, Atlanterhavsvegen, Atlanterhavstunnelen, Rødven R64 og Trollstigen.
  • Fredag 23. juni: Rauma travbane, Trollstigen, Liabygda og Vengedalen.
  • Laurdag 24. juni: Gamle E136 rundt Vågstrandstunnelen og Måndalstunnelen og Innfjorden E136.