Ordføraren i Stranda

Møter miljøvernministeren

Stranda-ordføraren har med seg klåre meiningar om tiltak mot forureining av verdsarvfjordane når han møter miljøvernministeren.

Forureining Geiranger kan på ein enkelt dag ha opptil 15 000 besøkjande. Det fører til store utfordringar både når det gjeld infrastruktur og forureining. Til vanleg bur det 220 fastbuande i bygda.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Ei ordning for å få utnytte potensialet i cruisetrafikken må omfattande meir enn å setje opp automatar på toaletta

Jan Ove Tryggestad
Nyhende

– Eg er heilt på line med klima- og miljøvernminister Vidar Helgesen om at det må gjennomførast tiltak for stoppe forureininga frå cruiseskip i verdsarvfjordane. Eg går til møtet med eit ønske om at vi skal få til ei breiast mogleg semje om tiltak, seier ordførar Jan Ove Tryggestad til Sunnmøringen.