I regn og skodde

Jonathan hadde beste tid

Jonathan Albon frå England og Bergen sprang først i mål på det lange Fjord Trail Race i Stranda.

I regn og skodde - Eg hadde sett fram til den gode utsikta, men ho får eg ta att ein annan gong, seier Albon til Sunnmøringen. Han bur i Bergen, men er opphavleg frå England og har tatt del på ei rekke liknande løp. Han vedgår at det var glatt, men elles ingen problem på sitt første fjelløp i Stranda. Tida vart fire timar og fem minutt.Kreditering: Johan Behrentz, Sunnmøringen

Dameklassen Vinnarar av Stranda Fjord Trail Race Damer 1. Henriette Albon 5.09.47 2. Bodil Ryste 5.24.21 3. Anniken Hjellbakk Hole 5.36.08  Foto: Johan Behrentz

Først Adrian Håbet frå Brattvåg kom først i mål på Fjord Trail Race Light.  Foto: Johan Behrentz

Start Fjord Trail Race Light starta i Stranda sentrum kl. 10.00. 

Løpsgeneral Oscar Almgren hadde gjerne sett av veret var noko betre under fjelløpet.  Foto: Johan Behrentz

Frå England Jeanette Aurdal, opphavleg frå Spjelkavik, og dottera Eleanor (th), er to av dei som har reist langt for å vere med på fjordløpet i Stranda. Til venstre: Linda Fimreite frå Os. 

Nyhende

- Eg hadde sett fram til den gode utsikta, men ho får eg ta att ein annan gong, seier Albon til Sunnmøringen.

Kjem attende

Han bur i Bergen, men er opphavleg frå England og hare tatt del på ei rekke liknande løp. Han vedgår at det var glatt, men elles ingen problem på sitt første fjelløp i Stranda. Tida vart fire timar og fem minutt.

Vinnarar av det lange løpet: 1. Jonathan Albon 4.05.40 2. Eivind Klokkehaug 4.16.23 3. Erik Folkesson Blom 4.28.38  Foto: Johan Behrentz

 

Eivind Klokkehaug frå Ørskog kom inn vel ti minutt etter Jonathan og hadde tida 4 timar og 16 minutt. Nummer tre vart Erik Folkessom Blom frå Sverige med tida 4 timar og 28 minutt.

Våte parti saug

Anniken Hjellbakk Hole vart beste lokale utøvar med 3. plass i den lange løypa. Løparen frå Sunnylven IL  vart klokka inn på fem timar og 36 minutt.

- Det var eit hardt løp, og dei våte partia der eg kunne ha sett oppfarta, saug, seier Hjellbakk Hole, som fekk konkorranse heilt inn til mål.

Nummer to i kvinneklassen vart Bodil Ryste frå Sportsklubben Gaular, medan vinnaren i denne klassen vart Henriette Albon frå Varegg på tida 5 timar og ni minutt.

Dameklassen Vinnarar av Stranda Fjord Trail Race Damer 1. Henriette Albon 5.09.47 2. Bodil Ryste 5.24.21 3. Anniken Hjellbakk Hole 5.36.08  Foto: Johan Behrentz

God oppleving

- Regnet og skodda hadde ikkje noko å seie for opplevinga. Alt var berre flott. Det var ei fin veksling mellom bakkar og flate parti, slik at jeg fekk hente meg inn att, seier Adrian Håbet frå Brattvåg. Han var førstemann i mål på Fjord Trail Race Lilght. Ein time og 33 minutt brukte han på turen frå Stranda sentrum og til mål ved Roalden.

Regntungt

I regntunge fjell var nærare 500 løparar frå 17 nasjonar laurdag føremiddag i gang med sommarens store Fjord Trail Race i Stranda. 390 av desse fullførte

- Humøret var på topp og løparane var svært motiverte til fjelløpet, då dei som skulle lengst starta kl. 08.00, seier løpsgeneral Oscar Almgren i Uteguiden til Sunnmøringen. Den lengste løypa var på 33 kilometer og mgjekk  frå Lievegen til Roalden. På vegen peste dei 3000 høgdemeter. Under normale omstende er utsikta i denne løypa spektakulær, men laurdag låg  skodda tungt over fjella.


Stranda Fjord Trail Race

Fleire lokale namn på deltakarlista


God fart

Dei raskaste rekna ei n med å vere i mål litt over kl. 12.00. (Sjå Live Oppdatering)

Den kortaste løypa, Lightversjonen, er 8,5 kilometer. Startskotet gjekk kl. 10.00 frå Stranda sentrum. Der stilte 50 til start og 44 fullførte.

Er glatt

Går inn i sommarsesongen som aldri før

Med naturleg lidenskap

Frå før har vintersesongen vore i fokus. No skal Uteguiden satse meir på sommaraktivitet.

- Kva tyder regnet for løpet?

- Dei vande løparane bryr seg ikkje om det, men ein må ta omsyn til at det er glattare i terrenget. Sjølvsagt skulle vi ønske oss at vi hadde fint ver, slik vi har hatt under dei tre tidlegare løpa, seier Almgren.

Menn kort løype Vinnarar av Light-løypa menn:Adrian Håbet vann med tida 1.33. Leif Eirik Tronstad Svanø nummer to med tidea 1.33.59. Tredjeplassen tok Alexander Oudijk med tida 1.35.04.  Foto: Johan Behrentz

Kvinner kort løype Astrid Olafsdottir vann med tida 1.39.45. På andreplass kom lokale Hege Rindal, Sunnylven IL med tida 1.40.39. På tredjeplass kom Liv Johanne Røkke, med tida 1.50.10.  Foto: Johan Behrentz

 

Sjå resultatlista her