Geiranger og Hellesylt

Få cruiseskip igjen før sesongen er over

Cruiseskipet Albatros, som her er saman med Hurtigruten, kjem til Geiranger på tysdag.  Foto: Bjørn Arild Hatlem (Arkiv)

Nyhende

Det er blitt haust og cruisesesongen har for alvor begynt å gå mot slutten.

Cruiselista til Stranda hamnevesen viser at det står att besøk frå seks skip før sesongen, og september, er over.

Startar opp att i mai

Det første cruiseskipet til Geiranger i 2018 er førebels Astor den 3. mai. Det tyskeigde skipet har eit passasjertal på 578 personar og blir liggande i Geiranger i ein halvtime (frå 19.00 til 19.30).

Dagen etter, 4. mai, kjem det første store skipet i 2018-sesongen. Celebrity Silhouette har med seg 2.850 passasjerar og vil vere i Geiranger frå kl. 07.00 til 15.00.

Det første cruiseskipet til Hellesylt er Balmoral den 13. mai. Det Fred. Olsen-eigde skipet segler frå Newcastle og skal innom fleire norske fjordar før det har sitt siste stopp på Hellesylt. «Scenic Fjords of Norway»-turen er berre for vaksne (over 18 år), kan ein lese på reiarlaget si heimeside.

Cruiselista for resten av 2017 er som følgjer:

Søndag 10. september:

Artania, 1.200 passasjerar, Geiranger frå kl. 14.00-20.00

Tysdag 12. september:

Albatros, 800 passasjerar, Geiranger (08.00-14.00)

Onsdag 13. september:

Balmoral, 1.930 passasjerar, Hellesylt (08.45-13.00) og Geiranger (14.30-20.00)

Torsdag 28. september:

Magellan, 1.250 passasjerar, Geiranger (11.30-18.00)

Fredag 29. september:

Columbus, 1.817 passasjerar, Geiranger (11.30-18.00)

Etter planen skulle Costa Favolosa vitje Hellesylt og Geiranger måndag 11. september, men denne turen har blitt avlyst. Det opplyser Stranda Hamnevesen.