Møre og Romsdal fylkeskommune

Millionstøtte til vekst i Stordal

Bedriftsbesøk i Stordal Frå venstre: Stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp), stortingsrepresentant Helge Orten (H), dagleg leiar i Lotics, Vibeke Evensen og fiskeriminister Per Sandberg, studerer grønsaker som får næring frå avfallsprodukt etter smoltproduksjon.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Etter å ha behandla saka tysdag, har Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedteke å løyve to millionar kroner til prosjektet «Vekst i Stordal».

Fylkeskommunen skriv på heimesida si at omstillingsprosjektet blei starta i 2014 etter at møbelindustrien flagga og bygda sat att med tomme industribygg og stigande arbeidsløyse.

Arbeidet så langt har resultert i 50 nye arbeidsplassar, og med den siste løyvinga har Stordal mottatt til saman ni millionar kroner frå fylket.

Utviklar vidare

Leiar i regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim, seier at prosjektet har utvikla seg til å bli noko meir enn eit tradisjonelt omstillingsprosjekt.

– Arbeidet handlar ikkje lenger berre om å dempe ei krise eller å berge eit lokalsamfunn, seier han.


Avslag på konsesjon kan velte framtidsertta satsing i Stordal

Norsk Sjømat vil satse stort på oppdrett

Mykje står på spel om ikkje Norsk Sjømat får dei fire oppdrettskonsesjonane dei har søkt om.

Fylkeskommunen nemner blant anna etableringa av Stordal Aquaproduksjon AS, der både Norsk Sjømat Holding AS og AquaGen er involvert, som eit av dei største investeringsprosjekta. Som Sunnmøringen har skrive tidlegare, ønskjer selskapet å investere 385 til 400 mill. kroner.

– For å lukkast med omstillingsarbeid må ein ta utgangspunkt i dei områda der lokalsamfunn har eit fortrinn, anten det er i naturressursar, infrastruktur, næringskultur eller i folk med engasjement og kompetanse. Prosjektet Vekst i Stordal har arbeidd slik, og vi ser det som sannsynleg at ei forlenging av prosjektet vil skape ytterlegare nye arbeidsplassar for Stordal og regionen, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.