Jagarar

Låg flyging over fjorden

Fire F16 frå Forsvaret besøkte i ettermiddag Storfjorden.

To av dei fire F16 på treningstokt i Storfjorden.  Foto: Johan Behrentz

Liabygda Lågt over Overaa i Liabygda  Foto: Johan Behrentz

Treningstokt Fire F16 på treningstokt i Storfjorden.  Foto: Johan Behrentz

F16 på treningstokt i Storfjorden.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Dei kom i låg høgde inn over fjorden, truleg mindre enn hundre meter over ferja mellom Liabygda og Stranda.

Lenger inne dreide dei inn Sunnylvsfjorden og mot Geiranger, der ei "sneide" over yachten Caipirinha som er på veg til Geiranger.

Helikoptertrafikk

Dette er eit område som det også for tida er stor helikoptertrafikk. Slik er det også i dag. Driftsjef Endre Johnsen ved Airlift i Førde seier til Sunnmøringen at jagarfly ved fjorden aldri brukar å vere noko problem for helikoptertrafikken.

- Som regel får vi eit varsel på førehand, og flygarane våre tek omsyn til dei, seier driftskoordinatoren til Airlift.



Trening

Då Storfjorden hadde eit liknande besøk tidlegare i sommar, sa pressekontakt Ivar Moen at det var navigasjonstrening med norske F16-fly frå Ørlandet.