Lanserer tursekk-utleige

Tursekken har fått namnet "Fjordheimen" og er knytt til barnekonseptet med same namn.  Foto: Merete Løvoll Rønneberg/Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv

Illustrasjonsbilete.  Foto: Galyna Andrushko/Colourbox.com

Nyhende

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv startar no opp med utleige av tursekkar.

Det nye tilbodet er mynta på både barn og vaksne, skriv verdsarvstiftinga i ei pressemelding.

I sekken finn ein mellom anna topografiske kart for anten Norddal eller Stranda kommune, kompass, førstehjelpspakke, sitjeunderlag, turkoppar, eit bygdenært turkart og turhefte med viktig informasjon om til dømes ferdselsreglar, verdsarven, fiske og fiskekort med meir. Desse informasjonshefta er tilgjengelege både på norsk og engelsk.

Lanseringa vil skje neste søndag, 17. september, i samband med friluftscampen for barn og unge på Kallskaret. Frå same dag finst sekkane til utleige hos Norsk Fjordsenter i Geiranger og Petrines Gjestgiveri i bygda Norddal.

Det er planlagt fleire utleigestader til neste år, opplyser Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.