Politiet i Møre og Romsdal

Etterlyser mistenkte etter tjuveri i Ålesund

Bilete av dei etterlyste. Saka blei teken opp og omtala i programmet "Åsted Norge" tysdag kveld.  Foto: Møre og Romsdal politidistrikt

Nyhende

Møre og Romsdal politidistrikt opplyser i ei pressemelding at dei søkjer etter ein mann og ei kvinne i samanheng med tjuveri av kosmetikk frå eit parfymeri på Kremmergården i Ålesund. Tjuveriet fann stad seint laurdag ettermiddag 15. juli i år.

– Vi meiner det verkar godt planlagt og organisert, og vil ikkje sjå bort frå at desse to har oppsøkt liknande parfymeri andre plassar både i og utanfor distriktet, skriv politiet.

Dei er interesserte i observasjonar av paret knytt til både butikkar, kjøpesenter, eventuelt tog- og busstasjonar med vidare.

Dersom ein har tips i saka, kan det sendast til følgjande e-postadresse:

tips-sunnmore@politiet.no.