Onsdag 15. november:

Siste frist for å søke stipend og lån

15. november er det siste frist å søke stipend og lån for hausten 2017.  Foto: Berit Roald / NTB scanpix/ NPK

Nyhende

Onsdag 15. november er det søknadsfrist for studentar og elevar som ønskjer stipend og lån hausten 2017.

– Søkjer du etter fristen, går du glipp av stønad for haustsemesteret, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen, i ei pressemelding.

Endringar som fører til at ein har rett til meir eller mindre pengar, må òg meldast inn til Lånekassen innan 15. november.

Studentar kan få 53 170 kroner i basisstønad dette haustsemesteret. Alle med rett til vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend, men dei må søke om det. Lånekassen sjekkar automatisk om dei også har rett til andre typar stipend, som grunnstipend og bustipend.

(©NPK)