Jo Fjellanger i Stranda kommune fortel at vegen til Homlong i Geiranger er stengt etter at lokalbefolkninga har meldt ifrå om lydar i fjellet som kan tyde på at det er i ferd med å gå eit snøras.
Kommunen skriv på heimesida si at vegen vil bli stengt inntil vidare.
Fjellanger, som fortel at det ikkje bur nokon fastbuande i området som hadde blitt isolert som følgje av dette, seier at vegen truleg blir stengt så lenge mildvêret fortset.
– Vi kjem nok til å opne opp den opp att igjen så snart vêret har blitt lettare, seier han.
Som Sunnmøringen melde i går, måndag, er det betydeleg snøskredfare på Sunnmøre. Ifølgje varsom.no vil dette vare ut tysdag – og frå onsdag av har dei justert ned faregraden frå nivå 3 til nivå 2 (moderat).