Skiløpar brakk foten på Strandafjellet

  Foto: Illustrasjonsbilete frå arkiv.

Nyhende

Klokka 13.31 i dag, onsdag, melde politiet i Møre og Romsdal at ein skiløpar hadde brekt ein fot, og at han hadde behov for transport ned frå Strandafjellet.

Like etter sa operasjonsleiar Tor André Gram Franck til Sunnmøringen at ei alpin redningsgruppe var på veg for å organisere bergingsarbeidet og få frakta vedkomande ned frå fjellet.

Rundt kl. 17.15 seier politiet at det no har blitt oppretta kontakt med mannen, som er på fallstaden ved Skaret saman med ein i turfølgjet. Det har vore utfordrande med dårlege forhold på fjellet i dag, seier Gram Franck.

I tillegg til den alpine redningsgruppa, er også mannskap frå Røde Kors med på bergingsarbeidet. Dei har òg nytta seg av ei av skisenteret sine trakkemaskiner, fortel operasjonsleiaren.

Når han er trygt nede igjen, blir den skadde skiløparen mest truleg sendt til sjukehuset i Ålesund for behandling.